Om Bømlo Arbeiderparti

Bømlo Arbeiderparti

Styret

  • Eg heiter Thomas Kråkevik-Liaøy og er 33 år gammal, gift, og busett på Rubbestadneset. I dag jobbar eg som elektrikar i Wood Group som driv med vedlikehald innan olje og gass, der eg også er tillitsvalt. Når eg var ein ung gut flytta eg frå Kristiansand til Bømlo, her vart eg møtt med opne armar og eit fellesskap som omfamna meg som ein av sine eigne. Når eg kom til Bømlo vart eg møtt med ein stor gjestfridom og venleik som gjorde det lett for med å finna min plass i samfunnet. Dette er noko som har motivert meg til å engasjera meg politisk i Arbeiderpartiet. For meg er det viktig at alle har det bra i kvardagen, at ein trivest både på jobb og utanfor jobb. Eg ynskjer at me tek vare på alle frå vogga til grav, uavhengig av økonomisk bakgrunn. Som småbarnsfar til to er det viktig for meg at det er kvalitet i skule og barnhage. Eg ynskjer å jobbe for at alle born og unge har eit aktivitetstilbod, anten det er uorganisert eller organisert. Me må ta vare på alle i samfunnet vårt, også dei som fell utanfor skule eller arbeidsliv. Eg ynskjer å jobbe for at dei som fell utanfor kan få moglegheita til å fullføre utdaninga eller fagbrev. Det som gjer Bømlo så unikt er menneskja som bur her, for meg er Bømlo ein stad der me stillar opp for kvarandre. Lat oss halda fram med å vera eit fellesskap som tek i mot nye menneskjer med opne armar og gjere Bømlo til ein stad der folk ynskjer å bu og leva. Det er saman som eit fellesskap me skapar ei betre framtid for Bømlo!🌹

  • (55) Mækjebakken

  • (59) Gåsland

  • (54) Rubbestadneset

  • Hilde Bratland

  • Amalie Vespestad Aga er den yngste kandidaten vår, ho er 18 år å går på skule i Haugesund og skal starte læretid som konditor til hausten. Amalie har vore medlem i AUF sidan ho var 13 år, der har ho hatt styreverv og 2 år som leiar av Sunnhordland AUF. Frå 2022 har ho vore styremedlem og kvinnekontakt i Bømlo Arbeiderparti. Amalie er glad i å bake, spele Frisbee golf med venner og tilbringar tid med venner, familie og kjæraste. Saker ho brenn for: Ho ønskjer eit godt kollektivtilbod til alle i Bømlo, ho er oppteken av at alle skal ha ei god psykisk helse, dette inneberer betre tilgjengelegheit på helsesjukepleiar på alle skulane i Bømlo og betre opningstider på helsestasjon for ungdom. Psykisk helse i alle aldrar må få eit godt tilbod i Bømlo🌹