Leder

Thomas Kråkevik-Liaøy

Thomas Kråkevik-Liaøy

Eg heiter Thomas Kråkevik-Liaøy og er 33 år gammal, gift, og busett på Rubbestadneset. I dag jobbar eg som elektrikar i Wood Group som driv med vedlikehald innan olje og gass, der eg også er tillitsvalt.
Når eg var ein ung gut flytta eg frå Kristiansand til Bømlo, her vart eg møtt med opne armar og eit fellesskap som omfamna meg som ein av sine eigne. Når eg kom til Bømlo vart eg møtt med ein stor gjestfridom og venleik som gjorde det lett for med å finna min plass i samfunnet. Dette er noko som har motivert meg til å engasjera meg politisk i Arbeiderpartiet.
For meg er det viktig at alle har det bra i kvardagen, at ein trivest både på jobb og utanfor jobb. Eg ynskjer at me tek vare på alle frå vogga til grav, uavhengig av økonomisk bakgrunn.
Som småbarnsfar til to er det viktig for meg at det er kvalitet i skule og barnhage. Eg ynskjer å jobbe for at alle born og unge har eit aktivitetstilbod, anten det er uorganisert eller organisert. Me må ta vare på alle i samfunnet vårt, også dei som fell utanfor skule eller arbeidsliv. Eg ynskjer å jobbe for at dei som fell utanfor kan få moglegheita til å fullføre utdaninga eller fagbrev.
Det som gjer Bømlo så unikt er menneskja som bur her, for meg er Bømlo ein stad der me stillar opp for kvarandre. Lat oss halda fram med å vera eit fellesskap som tek i mot nye menneskjer med opne armar og gjere Bømlo til ein stad der folk ynskjer å bu og leva.
Det er saman som eit fellesskap me skapar ei betre framtid for Bømlo!🌹