Kvinnekontakt

Amalie Vespestad Aga

Amalie Vespestad Aga

Amalie Vespestad Aga er den yngste kandidaten vår, ho er 18 år å går på skule i Haugesund og skal starte læretid som konditor til hausten.
Amalie har vore medlem i AUF sidan ho var 13 år, der har ho hatt styreverv og 2 år som leiar av Sunnhordland AUF. Frå 2022 har ho vore styremedlem og kvinnekontakt i Bømlo Arbeiderparti.
Amalie er glad i å bake, spele Frisbee golf med venner og tilbringar tid med venner, familie og kjæraste.
Saker ho brenn for:
Ho ønskjer eit godt kollektivtilbod til alle i Bømlo, ho er oppteken av at alle skal ha ei god psykisk helse, dette inneberer betre tilgjengelegheit på helsesjukepleiar på alle skulane i Bømlo og betre opningstider på helsestasjon for ungdom. Psykisk helse i alle aldrar må få eit godt tilbod i Bømlo🌹