Våre politikere
Kommunestyret
-
Mari Pedersen Totland er nyleg heimflytta bømling. Ho ynskjer å vere ei stemme for dei yngre på Bømlo, og har difor takka ja til å stå på kandidatlista til Arbeiderpartiet. - Bømlo skal vere ein plass for alle, og då må me sørgje for at me ser alle når avgjerder skal tas, inkludert ungdommen og uavhengig av kor ein bur. Mari vaks opp på Moster, ho bur no på Svortland og jobbar rundt om i heile kommunen. - Det er summen av dei ulike folka i alle aldrar og dei unike bygdene som gjer Bømlo til den flotte øya som den er. - På Bømlo skal det vera trygt og godt å leva, frå ein veks opp til ein vert gamal. Då meiner eg at me må prioritere å sikre nok bemanning og rett kompetanse til å handtera dei utfordringane som er i barnehage og skular, og i helse- og omsorgssektoren. Eit viktig verkemiddel for å sikre bemanning er å sørgje for å auka tilflytting til kommunen vår, og leggje til rette for at enno fleire bømlingar vel Bømlo som stad å bu og arbeida. Tilflytting er òg viktig for at næringslivet på Bømlo skal fortsetja å vera framtidsretta og endringsdyktig. Mari håpar alle nyttar stemmeretten sin🌹
-
Eg heiter Thomas Kråkevik-Liaøy og er 33 år gammal, gift, og busett på Rubbestadneset. I dag jobbar eg som elektrikar i Wood Group som driv med vedlikehald innan olje og gass, der eg også er tillitsvalt. Når eg var ein ung gut flytta eg frå Kristiansand til Bømlo, her vart eg møtt med opne armar og eit fellesskap som omfamna meg som ein av sine eigne. Når eg kom til Bømlo vart eg møtt med ein stor gjestfridom og venleik som gjorde det lett for med å finna min plass i samfunnet. Dette er noko som har motivert meg til å engasjera meg politisk i Arbeiderpartiet. For meg er det viktig at alle har det bra i kvardagen, at ein trivest både på jobb og utanfor jobb. Eg ynskjer at me tek vare på alle frå vogga til grav, uavhengig av økonomisk bakgrunn. Som småbarnsfar til to er det viktig for meg at det er kvalitet i skule og barnhage. Eg ynskjer å jobbe for at alle born og unge har eit aktivitetstilbod, anten det er uorganisert eller organisert. Me må ta vare på alle i samfunnet vårt, også dei som fell utanfor skule eller arbeidsliv. Eg ynskjer å jobbe for at dei som fell utanfor kan få moglegheita til å fullføre utdaninga eller fagbrev. Det som gjer Bømlo så unikt er menneskja som bur her, for meg er Bømlo ein stad der me stillar opp for kvarandre. Lat oss halda fram med å vera eit fellesskap som tek i mot nye menneskjer med opne armar og gjere Bømlo til ein stad der folk ynskjer å bu og leva. Det er saman som eit fellesskap me skapar ei betre framtid for Bømlo!🌹
-
(54) Rubbestadneset
-
Eline Kolbjørnsen flytta heim til Finnås i haust etter ei tid med jobb og studier i Bergen. Eline ynskjer å vere med på å jobbe for ein trygg og god framtid i Bømlo Kommune. - Ei trygg og god oppvekst for alle barn er ei investering i individ og i samfunnet. Me må bygge ny Våge Skule slik at barna våre ikkje risikerer helse og livskvalitet ved å gå på skulen. - For å halde liv i Bømlo, må me halde liv i bygdene våre. Skal me lokke heim at utflytta ungdom og nye bømlingar må det tilretteleggjast for at folk kan busetje seg i den bygda dei ynskjer. Me er glade for at Eline stiller på lista hos oss🌹
Styret
-
Åge Grutle har nett flytta attende til Grutle etter meir enn 40 år i utanrikstenesta som diplomat i blant annet Tokyo og Finland. Som statsbyråkrat valde han å vere partilaus, men har no meldt seg inn i Arbeidarpartiet for å sjå om hans røynsler kan ha overføringsverdi på Bømlo. -Eg likar Arbeidarpartiet fordi det står med båe beina midt i arbeids- og samfunnslivet og kjenner ansvar for breie løysingar som kan gagne alle. Summen av særinteresser blir ikkje automatisk gode fellesløysingar og heilskap, - Noko av det som slår meg om Bømlo er rask utvikling (nærast revolusjon på vekstsektoren), sterkt entreprenørskap og stor vilje til å slå ring om bygdene sine. Vidare utvikling av livskraftige bygder på Bømlo vil nok kreve enno sterkare innsats enn til no. Spanande difor å sjå korleis kommunepolitikken best kan leggje til rette god og balansert bygdeutvikling. Sjølv har eg mest tru på bygder som framsnakkar både seg sjølve og andre. Slik busetnaden er på Bømlo, trur eg dei beste løysingane ligg i enno tettare samarbeid.
-
(55) Mækjebakken
-
-
(59) Gåsland
-
(54) Rubbestadneset
-
-
-
-
Odd Harald er stortingsrepresentant for Hordaland og sitter i justiskomiteen på Stortinget.