Representant

Siv Linda Vespestad

Siv Linda Vespestad

Siv Linda Vespestad er straks 46 år og bur på Bremnes. Ho har 2 vaksne jenter og eit barnebarn på 1 år. Ho er for tida student ved Høgskulen Innlandet der ho tar ein bachelor i Beredskap og krisehandtering. Ho har alltid vore politisk engasjert og har sidan 2012 hatt ulike verv i styret i Bømlo Arbeiderparti.

Ho har i inneverande periode vore fast medlem i kommunestyret, medlem i areal og samferdsel og hatt fadder rolle i ungdomsrådet.På fritida likar ho å vere ute i naturen og bruke tid med venner og familie.
Saker ho er oppteken av:Å sjå ungdomen sitt engasjement gjennom ungdomsrådet har gitt inspirasjontil å løfta ungdomane si røyst.
- Det skal vera trygt og godt å veksa opp i Bømlo,der skulen skal vera ein god stad å høyra til og gi tryggheitog meistring i kvardagen. Bømlo har eit godt omsorgstilbod, men med fleire eldre krev det meir av kommunen.
Me som politikarar må saman med tenestene arbeida for gode tenester for framtida. Me treng fleire hender i arbeid og me må ha større fokus på heile og faste stillingar. Bømlo er heldige som har eit framsynt og innovativt næringsliv.

Eit sterkt næringsliv er ein av bærebjelkane i samfunnet vårt. Gode og trygge arbeidsplassar skapar gode levevilkår for oss som bur her. Og som politikar vil ho arbeida for eit sterkt næringsliv også i framtida.