Representant

Mari Pedersen Totland

Mari Pedersen Totland

Mari Pedersen Totland er nyleg heimflytta bømling. Ho ynskjer å vere ei stemme for dei yngre på Bømlo, og har difor takka ja til å stå på kandidatlista til Arbeiderpartiet.
- Bømlo skal vere ein plass for alle, og då må me sørgje for at me ser alle når avgjerder skal tas, inkludert ungdommen og uavhengig av kor ein bur.
Mari vaks opp på Moster, ho bur no på Svortland og jobbar rundt om i heile kommunen.
- Det er summen av dei ulike folka i alle aldrar og dei unike bygdene som gjer Bømlo til den flotte øya som den er.
- På Bømlo skal det vera trygt og godt å leva, frå ein veks opp til ein vert gamal. Då meiner eg at me må prioritere å sikre nok bemanning og rett kompetanse til å handtera dei utfordringane som er i barnehage og skular, og i helse- og omsorgssektoren. Eit viktig verkemiddel for å sikre bemanning er å sørgje for å auka tilflytting til kommunen vår, og leggje til rette for at enno fleire bømlingar vel Bømlo som stad å bu og arbeida. Tilflytting er òg viktig for at næringslivet på Bømlo skal fortsetja å vera framtidsretta og endringsdyktig.
Mari håpar alle nyttar stemmeretten sin🌹