Leder

Åge Grutle

Åge Grutle

Åge Grutle har nett flytta attende til Grutle etter meir enn 40 år i utanrikstenesta som diplomat i blant annet Tokyo og Finland. Som statsbyråkrat valde han å vere partilaus, men har no meldt seg inn i Arbeidarpartiet for å sjå om hans røynsler kan ha overføringsverdi på Bømlo.
-Eg likar Arbeidarpartiet fordi det står med båe beina midt i arbeids- og samfunnslivet og kjenner ansvar for breie løysingar som kan gagne alle. Summen av særinteresser blir ikkje automatisk gode fellesløysingar og heilskap,
- Noko av det som slår meg om Bømlo er rask utvikling (nærast revolusjon på vekstsektoren), sterkt entreprenørskap og stor vilje til å slå ring om bygdene sine. Vidare utvikling av livskraftige bygder på Bømlo vil nok kreve enno sterkare innsats enn til no. Spanande difor å sjå korleis kommunepolitikken best kan leggje til rette god og balansert bygdeutvikling. Sjølv har eg mest tru på bygder som framsnakkar både seg sjølve og andre. Slik busetnaden er på Bømlo, trur eg dei beste løysingane ligg i enno tettare samarbeid.